Kart over Svensgården

Grunnoppmålingar for Svensgården

I Det tyske Kontor i Bergen(1899) publiserte Christian Koren Wiberg ei rekkje kart og teikningar av gardane på Bryggen i Bergen der han refererte til “oppmålingsakter”. Kartteikningane inneheld detaljerte inndelingar av gardane i stuer (Handelsstuer) og med tilhøyrande lister over stueeigarar i perioden frå midt på 1600-talet til utpå 1800-talet. I tilleg var bygningane teikna i profil. Kva var Koren Wibergs kjeldegrunnlag for karta? (Bygningsrekonstruksjonane blir ikkje drøfta her)

Svensgården

Kartet nedanfor er henta frå Det tyske Kontor i Bergen av
Christian Koren Wiberg. Wiberg laga framstilling av Svensgården på grunnlag av “Grundemåls act” i 1776. Kva kjelde er det tale om?

Wiberg 1899

Oppmåling av Svensgården

Den originale grunnoppmålinga for Svensgården datert dd.mm.1776 er bevart i protokoll “Konsepter og rekvisjoner for grunnmålinger 1775-80” merka Eb 1775-1780 (Protokoll nr. 9).

Arkivreferanse: Bergen byarkiv, Magistratens arkiv, BBA-0651-Oh:9. Foto: Arne Solli

Grunnmåling av Svensgården i målebrevsprotokollen

Teikninga over viser den originale grunnoppmålinga gjort i felt under sjølve oppmålingsforretninga. Deretter blei grunnoppmålingane ført inn i magistratens målebrevsprotokoll. I målebrevsprotokollen er oppmålingskartet gitt ein forenkla og meir eststisk utforming, kanskje på oppdrag av rekviventen? Målebrevet og kartet er bevart i protokoll “Grunnmålinger 1763-80” merka E 1763-1780 (Protokoll nr. 6).

Arkivreferanse: Bergen byarkiv, Magistratens arkiv, BBA-0651-Oi:6. Foto: Arne Solli

Både oppmålingsprotokollen og målebrevsprotokollen har blitt påført merknader heilt fram til 1985. Særleg kring 1948, med innføring av nytt eigedomsregister i Bergen (sjå eigen blogg-post) har det blitt ført inn merknader og korrigeringar. Desse innheld opplysningar om seinare kartforretningar og såkalla påteikningar (servituttar). Denne praksisen hald fram til ca. 1985. I 1985 ved implementasjon av delingslova av 1979 og etablering av GAB-registeret blei dei opp til 300 år gamle oppmålingane påført det nye gards- og bruksnummeret. Gards- og bruksnummer er gjeldande matrikkelnummer for eigedomar i Norge.

Kart

[google-map-v3 width=”450″ height=”450″ zoom=”18″ maptype=”roadmap” mapalign=”center” directionhint=”false” language=”default” poweredby=”false” maptypecontrol=”true” pancontrol=”true” zoomcontrol=”true” scalecontrol=”true” streetviewcontrol=”true” scrollwheelcontrol=”false” draggable=”true” tiltfourtyfive=”false” addmarkermashupbubble=”false” addmarkermashupbubble=”false” addmarkerlist=”60.397292, 5.323829″ alt=”Svensgården” bubbleautopan=”true” showbike=”false” showtraffic=”false” showpanoramio=”false”]

Alle foto

Klikk på bilda for å vise bildet i full storleik

Litteratur

Christian Koren Wiberg (1899), Det tyske Kontor i Bergen.

Comments

comments

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *