Category: BerGIS

BerGIS. BerGIS var ein samling av mindre prosjekt i periode 2005-2016

Link

Nettstaden BerGIS har vore implementert på fire ulike servarar og med ulike teknologiske plattformer. I desember 2012 var det meininga å flytte sidene og applikasjonane som skulle førast videre til to servarar, men då flytteprosessen var nesten fullført synte deg seg at alt måtte samlast på ein server. Dermed måtte eg utsetje heile samleprosessen i håp om at BerGIS skulle vere samla på ein server tidleg 2013. Men nye utfordringar på instituttet gjorde at hobby-prosjektet BerGIS måtte utsetjast endå ein gong. Denne gongen på ubestemt tid.

Utover våren 2013 tok problema til å tårne seg opp. Deler av BerGIS var implementert på rett gamle serverar som tilhøyrde Historisk instiutt (no AHKR). Dei gamle institutt-serverane (web.hist.uib.no og www.hist.uib.no) tok kvelden, med verknad at startsida for BerGIS fall bort. Då hjelpte det lite at sjølve kartportalen på solhatt-serveren var operativ med nær 100% oppetid. Den fjerde serveren i BerGIS var gandalf-serveren hos Aksis (no Uni Computing). Gandalf hadde også tunge dagar, den var også vårslapp.

For å gjere ei lang historie kort: No er dei viktigaste delane av BerGIS samla på solhatt-serveren. Dei viktigaste delane er flytta, men nokre sider manglar framleis. Teknologisk er solhatt-serveren basert på ein linux-plattform, Redhat-distribusjonen. Solhatt er drifta av IT-avdelinga, er derfor i særs trygge hender og har stor stabilitet.

Prøv den «nye» BerGIS her: http://bergis.uib.no/