Eigedomsoppmåling 1714-1830

Eit 300-års jubileum!

Den 11. oktober 1714 etablerte Magistraten i Bergen (Byadministrasjon og byråd) faste og regulære rutiner for oppmåling i grunn i Bergen by (BBA-0651-Oi:1). Ansvaret for ulike grunn-forretningar hadde til 1714 vore «out-sourca» til forstandaren ved Manufakturhuset i Bergen, Jacob von Vida (Wida). I følgje Magistraten i Bergen skjøtta han ikkje oppgåvene etter lovpåboda og einerettane han hadde blitt tildelt. Til dømes i eit lovpåbod (reskript 30.03.1700) hadde forstander Jacob von Vida fått ansvar for ulike grunn-forretningar ved tinglysing av skøyte i samband med omsetning av hus og grunn. I 1714 skulle von Vidas funksjonar og einerettar forlengast og Magistraten nytta høvet til å sende inn ein klage på von Vida til Kongen. Magistraten fekk medhald i klagen og tok dermed sjølv over ansvar for grunnoppmåling og etablerte faste rutiner. Rutinane og reglane for oppmåling av grunn i Bergen frå 1714 synest ha stor likskap med ansvaret som Stadskonduktøren i København (Gedde 1940). Stadskonduktøren blei eige embete frå 1690 i København, men i Bergen var tilsvarande ansvar ein del av Magistratens funksjonsområde. To protokollseriar, ein frå 1714 og ein frå 1756, ei særlov om tinglysing 1740 og ei tvistesak frå 1784, gjev innsyn i praksis ved grunnoppmåling (eigedomsregistrering) i Bergen by i perioden før etableringa av Stadskonduktør i Bergen. Stadskonduktørembetet i Bergen kom som følgje av lov om bygningsvesen (1830).

Saksgangen

Saksgangen var som følgjer: 1. Rekvirenten, personen som ynskte eller var lovpålagt grunnoppmåling, søkte Magistraten om å få gjennomført grunnoppmåling. 2. Magistraten kalla inn representantar frå Magistraten (byrådar), ein skrivar (rådstueskivar), naboar av rekvirenten og grunneigar til oppmålingsforretning. Magistraten henta også inn anna relevante saksdokument. 3. Oppmålinga blei gjennomførd og dokumentert (konsept) og samla i saksprotokollen (BBA-0651-Oh serien) og 4. Oppmålingsforretninga med kart og inkludert ekstrakt frå saksdokumenta blei ført inn i målebrevsprotokollen (BBA-0651-Oi serien).

I det følgjande tek eg til med sluttproduktet, målebrevsprotokollane ((BBA-0651-Oi serien) og eksempelet er henta frå ei oppmåling i februar 1775 for ein grunn som låg ved dagens Strandgaten 228, tidlegare rode 1-57/156a eller 1-56b (tidlegare Nordnesgaten 18 og 20). Dette området blei sterkt omregulert etter 1944 og grunntomtene er heilt annleis i dag.

Målebrevsprotokollen

BBA-0651-Oi:6 1

Bilde 1: Folio 324b-325 av oppmålingsprotokoll E: 1763-1780, arkivreferanse BBA-0651-Oi:6

Oppmålingsforretninga tek til med namn på rekvirenten, gjev tid og stad og opplysning om grunneigar. Deretter følgjer rekvisjonen (Saksdokument 1) på oppmåling frå Thomas Zibratsen, som viser at bakgrunnen for oppmålinga er overføring av hus og bygningar frå Peder Andersen Trøye til Nykirkens fattigskole. Thomas Zibratsen er truleg rekneskapsførar for fattigskulen (Betlehem). Deretter blir dei andre utpeika og innkalla nemnd med namn. Personar som er innkalla, men ikkje møtt blir lista. Så følgjer utdrag frå saksdokument 2, som er utskrift frå Grunnleigeprotokollen 1753 for Bergen. Utskrifta frå grunnleigeprotokollen (v/J.F. Krøpelin) og viser detaljar om grunnleiga og betaling av denne. Etter ei lova frå 1739 (og 1774) skulle det dokumenterast at grunnleiga for eigedomen var betalt før eit skøyte kunne tinglysast. Deretter blir det vist til pant (heft) i eigedomane. Dette er opplysningar byskrivar har ført i pante- og panteregisteret. Så på dei to neste sidene i protokollen følgjer sjølve oppmålinga

Bilde 2: Folio 325b-326 av oppmålingsprotokoll E: 1763-1780, arkivreferanse BBA-0651-Oi:6. Foto: Arne Solli.

Oppmålinga inneheld sju deloppmålingar, fordelt seks linjestykke og breidda midt på. Sjellandske alen er nytta som lengdemål, denne alen var lik 0.6281m. Alen var delt i fire, såkalla kvartingar. Men ved denne oppmålinga er også kvartingane delt i fire, altså minstemålet var 1/16 alen, eller i underkant av 4cm.

Kartet nederst på folio 326 syner har skala, nord-retninga (retningskross), mål for dei enkelte linjestykka og markering av ein mur i bakkant av grunnen. Namna på dei tilgresande beboarane/huseigarane og også ført på kartet.

Bilde 3: Folio 326b av oppmålingsprotokoll E: 1763-1780, arkivreferanse BBA-0651-Oi:6. Foto: Arne Solli.

Oppmålingsforretninga blir fullført på neste side (folio 326b). Der har leiarane av Magistraten, borgarmester og president, signert oppmålinga, markert med (LS). Men merk at dette er ein kopi av sjølve oppmålinga, så «signaturane» er før inn av skrivaren. Denne serien med målebrevsprotokollar går tilbake til 1714, men frå 1756 er også sjølve saksprotokollen bevart. Heretter kjem ein beskrivelse av saksdokumenta som i orginal er bunde saman i protoollar.

Oppmålingsprotokollen

BBA-0651-Oh:9 1

Oppmålingsprotokollen (i katalogen kalla konsepter og rekvisjoner til grunnmåling) er langt meir omfattande enn Målebrevsprotokollen (jfr. over). Oppmålingsprotokollen (oppmålingsforrentings-journalen) inneheld oppmålingsforretningar og -dokument for femårsperioden 1775-1780. Medan oppmålinga i målebrevsprotokollen strekkjer seg over kring 3 sider omfattar saka 10-12 sider i oppmålingsprotokollen. Sjølve protokollen består dokument skrivne på ulike papir som er bunde saman. I Oppmålingsprotokollen er denne oppmålinga referert til som oppmåling nr. 10, dvs. oppmålingsforretning nr. 10 i perioden 1775-1780.

Bilde 4: Saksdokument tilhøyrande oppmålingsforretning nr. 10, 1775-80, merka Eb: 1775-1780, arkivreferanse BBA-0651-Oh:9. Foto: Arne Solli.

Oppmålingsprotokollen tek som målebrevsprotokollen til med sjølve den originale oppmålingsforretninga (kalla konsept), så følgjer dei ulike saksdokumenta (rekvisjoner) i original vedlagt og innbunde.

Bilde 5: Saksdokument tilhøyrande oppmålingsforretning nr. 10, 1775-80, merka Eb: 1775-1780, arkivreferanse BBA-0651-Oh:9. Foto: Arne Solli.

Bilde 5 tilsvarar folio 325b-326 i målebrevsprotokollen. Dei ulike oppmålingane er numerert frå 1 til 7.

Bilde 6: Saksdokument tilhøyrande oppmålingsforretning nr. 10, 1775-80, merka Eb: 1775-1780, arkivreferanse BBA-0651-Oh:9. Foto: Arne Solli.

Bilde 6 inneheld siste del av oppmålinga og kartet. Kartet på bilde 6 er den originale kartteikninga som er blitt kopiert til folio 326 i målebrevsprotokollen.

Bilde 7: Saksdokument tilhøyrande oppmålingsforretning nr. 10, 1775-80, merka Eb: 1775-1780, arkivreferanse BBA-0651-Oh:9. Foto: Arne Solli.

Bilde 7: På høgre side er rekvisjonen frå Thomas Zibrantsen, dvs. eit brev til Magistraten i Bergen der han bed om å få oppmålt grunnen. Rekvisjonen er numerert som saksvedlegg No. 1.

Bilde 8: Saksdokument tilhøyrande oppmålingsforretning nr. 10, 1775-80, merka Eb: 1775-1780, arkivreferanse BBA-0651-Oh:9. Foto: Arne Solli.

Bilde 8: Venstre side inneheld magistratens beslutning, truleg skriven på baksida av brevet frå Thomas Zibrantsen. Her er det gjort vedtak om oppmåling, to vitne (borgarar) er oppnemnd, skrivarar og byrådsmedlemmar kalla inn.

Bilde 8: På høgre side er brevet frå forstandaren ved Manufakturhuset i Bergen med utskrift frå grunnboka 1753 (grunnleigeprotokollen). Utskrifta frå grunnleigeprotokollen er bunde inn som saksvedlegg i oppmålingsprotokollen. Forstandaren ved Manufakturhuset var ansvarleg for grunnleige-protokollar som i 1686 var totalregister over alle grunnar i Bergen. Forstandaren hadde også eit register ført frå 1753, men i 1770 var desse registra særs mangelfulle. Forstandaren hadde i 1714 mista oppmålingsfunksjonen, men var framleis ansvarleg for å krevje inn grunnleiger av Manufakturhusets grunnar i Bergen. Utskrifta frå grunnleigeprotokollen viser kven som har betalt leiga. Dokumentasjon på betalt grunnleige var eit vilkår for å få tinglyst eit skøyte etter lova av 1739.

Utskrifta frå manifakturhusforstanderen viser til grunn på folio 6 og pagina 21 (1753). Berre ein grunn tilfredstiller desse krava:
Pagina 21 i grunnboka 1753

Bilde 9: Saksdokument tilhøyrande oppmålingsforretning nr. 10, 1775-80, merka Eb: 1775-1780, arkivreferanse BBA-0651-Oh:9. Foto: Arne Solli.

Blanke ark

Bilde 10: Saksdokument tilhøyrande oppmålingsforretning nr. 10, 1775-80, merka Eb: 1775-1780, arkivreferanse BBA-0651-Oh:9. Foto: Arne Solli.

Blanke ark. Utside av brev.

Alle foto

Klikk på eit av bilda for å vise lysbildeframvising i full storleik.

Kjelder og litteratur

Bergen byarkiv (BBA), Magistraten,
— BBA-0651-Oh:9 Rekvisisjoner og konsepter om grunnmålinger 1775-80
— BBA-0651-Oi:1 Grunnmålinger 1714-42
— BBA-0651-Oi:6 Grunnmålinger 1763-80
— BBA/A-1687/F/L0001 Grunnleieprotokoll 1686–1687. Lenke
— BBA/A-1687/F/L0004 Grunnleieprotokoll 1753–1781 (ca.). Lenke
Geir Atle Ersland (1989),Eit forsøk på rekonstruksjon av grunneigefordelinga i Bergen ved utgangen av seinmellomalderen, hovudoppgåve, 1989. Bergen.
Christian Gedde (1940), Geddes Kort. 1747. Stadskonduktøren i København 1690 – 6 oktober – 1940. København 1940.
Kongelige forordningar, reskript og brev
— 30. mars 1700. Reskript til Magistraten i Bergen om tinglysing av skøyte med føregåande grunnforretningar ved Jacob von Vida.
— 3. juli 1739. Reskript til Biskop og stiftamtmann ang. kirkenes, manufakturhusets og fattighusenes restanser m.m.
— 19. aug. 1740 ang. «hvad ved skjøders thinglæsning i Bergen skal iagtages til sikkerhed for publiqve huses grundleie»
— 7. april 1774. Reglar for tinglysing av skøyte i Bergen.
— 13. sept 1830. Lov om bygningsvesen i Bergen.
Arne Solli (2006), Eit digitalt kartverk for Bergen pr. 1986. Gamle Bergen Årbok 2006. Bergen.
Arne Solli (2013), Eigedomsregistrering i Bergen gjennom 350 år. Bergen historiske forenings skrifter nr. 108-2013. Bergen.
Arne Solli (2014), Bergen kommunes eigedomsregister 1947- ca. 1985

Comments

comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *